Meld deg på no!

23.-25. august blir det festdag på Bondehytta med natursti, leikiade, dans, grill og moro for heile familien. Det er fritt fram om ein ønskjer å vere med heile helga, eller berre kome opp på sjølve festdagen på laurdag.

Av aktivitetar kan me skilte med tradisjonell moro som natursti, leikiade, stikkball, bading og crokket. I femtida blir det festmiddag med påfølgjande dans, hytteleiker og premie- og prisutdeling.

Om du ønskjer å overnatte må dette meldast om på førehand, og du må hugse å ta med sovepose.

Praktisk info
Ta med deg tørrmat, sovepose, badetøy, dansesko og det du elles måtte ha behov for. Ta gjerne med instrument om du har.

For å betale for mat og overnatting o.l. vil det koste 120 kroner for medlemmar av Leikarringen, og 150 for andre.

Førebels program
Fredag:
Tog frå Oslo S til Movatn 17.42-18.03
Hyttekos

Laurdag:
Tog frå Oslo S til Movatn 09.42-10.03
12.00: Utelønsj
13.00: Leikiade (ei spanande og særs variert gruppetevling
15.00: Bading, kvile, krokket, middagslaging
17.00: Festmiddag
19.00: Dans og hytteleikar
21.00: Kaffi, kaker, premie- og prisutdeling
Dans og leik utover natta

Sundag
Frukost, tur, bading ,blåbærplukking og anna kos.
Tog frå Movatn til Oslo S 14.24-14.48 (avreise ca. 13.30 frå hytta)

NB! Det er ikkje enkelt å parkere nærme hytte, så me oppmodar alle til å ta tog om dei kan!

Spørsmål? Kontakt Astrid Skindro på 95088559 eller astrid@skrindo.no

Meld deg på no!

Sponsorar: